56,8 millionar togreiser i 2007

24. juni 2008:Jernbaneverkets offisielle statistikk viser at det vart gjort 56,8 millionar reiser med tog i Noreg i 2007. Dette er vel 2,2 millionar fleire togreiser enn året før, og ein auke på 3,9%. Godstrafikken auka med ca. 2 % til 3,41 milliardar tonnkilometer. Veksten held jamvel fram inn i 2008.
Jernbanen er i fremgang og vekst, melder Jernbaneverket.  Foto: HP Lyshaug
I dei første fire månadene i år rapporterer det største godstogselskapet, CargoNet, om ein vekst på mellom ti og tolv prosent. NSB melder om omsetningsvekst i persontrafikken. Togtrafikken på det norske jernbanenettet held fram med å auke, og på fleire strekningar er kapasitetsutnyttinga på over 100%. Hundre prosent kapasitetsutnytting er definert som det tal på tog som kan køyrast over ei banestrekning med maksimalt tillaten fart for strekninga. Dersom ein aksepterer lågare togfart, kan dette gje plass for fleire tog. Dette vil da gje ei kapasitetsutnytting på over 100%. Kapasitetsutnyttinga ligg over eller oppunder 100% i og ved dei store byane og fleire stader på Austlandet. I den delen av døgnet da det er ønskelig å køyre flest tog, nærmar kapasitetsutnyttinga seg 100% også på fleire av hovudstrekningane mellom landsdelane. Kvart døgn passerer 750 persontog gjennom Oslo S.
NSB AS hadde i 2007 48,27 millionar passasjerar, mens Flytoget hadde 5,35 millionar. NSB Gjøvikbanen AS, selskapet som driv persontrafikken på Gjøvikbanen, hadde 1,15 millionar passasjerar, mens Flåmsbana hadde 583 000 passasjerar i fjor. Etter at det igjen vart fleire daglege avgangar til og frå Stockholm, steig utanlandstrafikken kraftig og enda på 470 000 passasjerar, det meste på linjene til Gøteborg og Stockholm.

Av utbyggingstiltak i jernbanenettet var det i 2007 store anleggsarbeid ved Lysaker stasjon, på strekninga Lysaker – Sandvika og på strekninga Sandnes – Stavanger, forutan Ganddal godsterminal.
(Kilde: Jernbaneverket)
Lenke til Jernbanestatistikk 2007 (Pdf-dokument)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar